Besøk frå KS

Førre månad fekk Årdal kommune og Årdal Teknologipark besøk av KS Kommunesektorens organisasjon avdeling SVD Samferdsel, plan og miljø.

Dei har hatt to innhaldsrike dagar i Årdal, og besøkte Årdal Teknologipark ein av dagane. Der fekk dei informasjon om Teknologiparken, kommunen si rolle innan næringsutvikling og alle verksemdene (Årdal Utvikling, Sogn Opplæringskontor , Sogn Kompetanse og SITEP) som bidreg i fellesskap innan kompetanse, teknologi, innovasjon og grøn omstilling i Sogn og Vestland fylkeskommune.

I tillegg presenterte Norsk Hydro deira rolle inn mot Årdal Teknologipark. Dagen blei avslutta med omvising innom biolaben, øvingsfabrikken, leikerommet til Sogn Opplæringskontor og kursfasilitetane våre.

Ekstra kjekt var det også å ynskje velkomne til to tidlegare årdøler, Gunnvor Eldegard som er seniorrådgjevar i KS avd. SVD Samferdsel, plan og miljø og Halvard Dahle Lægreid som er spesialrådgjevar, KS avd. SVD Samferdsel, plan og miljø 😊

Årdal Teknologipark og Årdal kommune ser fram til å bygge vidare på dei gode relasjonane og håpar KS fekk god input på kva som er god nærings- og samfunnsutvikling.

Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

https://www.gasta.no/
Forrige
Forrige

Ledig stilling som rådgjevar i Årdal Utvikling

Neste
Neste

Gründerkveld med stor suksess