Invest in indre Vestland
Årdal Utvikling har fått midlar frå Vestland Fylkeskommune til å utføre ei moglegheitsstudie for framtidige industrietableringar, og sjå heile regionen under eitt i forhold til areal, kraft, moglegheiter for industriell symbiose og samarbeid for å tiltrekke oss dei rette bedriftene til Sogn/indre Vestland.
Årdal sit i førarsetet i prosjektet som famnar om kommunane Årdal, Lærdal, Aurland, Vik, Luster og Sogndal Sentralt i kartlegginga er også nyetableringar knytta til eksisterande verksemder, med hovudfokus på grøn næringsutvikling.
Eit av effektmåla i prosjektet vil vere kompetanseflyt mellom kommunane, ved at ein har utvikla ein betre delingskultur i regionen for kompetanseheving. Å samle og samarbeide mellom kompetansemiljøa, og knyte til seg personar som aktivt kan arbeide for å få på plass dei rette etableringane i vår region vil vere avgjerande for at lokalsamfunna våre skal vere levedyktige i framtida.