2025 har vore eit år prega av aktivitet, samarbeid og nye steg framover for både bedriftene på huset og utviklinga av Årdal som teknologistad. No ser me fram til å ta fatt på 2026 – men først: nokre høgdepunkt frå året som gjekk
Tilflyttarkontoret i Årdal har teke imot over 100 tilflyttarar og bidrege med oversikt over fritidstilbod, arrangement, bustad og jobbmarknad i Årdal.
Samtidig har me blitt kjende med Fredrik og Sander, medan Astrid har vore ute i permisjon.
Det er arrangert 3 nettverkslunsjar som har skapt ein ny og viktig møteplass mellom bedrifter på tvers av regionen.
I tillegg leverte me ei svært vellukka Teknologiveke med gründerkveld, fagdagar, tekstildag og First Lego league.
Me har hatt besøk av Innovasjon Norge, næringsministeren og ungdomspolitikarar, og vore representert i mellom anna Grieghallen på Framtidsfylket si messe, på Årdalsmarknaden, SognaSmart, Innovasjonsdagen, Grøn region Vestland sin hub-samling og Sognafest – der Årets lærling vart Wilken Hæreid Karlsen (SOK)
Sogn Opplæringskontor har gjennomført sommarskule og teke imot både FTU, barnehagar og skuleklassar, der programmering og LEGO-bygging har stått på agendaen. Under Teknologiveka hadde me besøk av over 300 ungdomsskule elevar frå heile regionen!
Det nye nettverket Å+ er etablert, og det nye samarbeidet Årdal Industripark har teke form.
BioSpinOut One har teke i bruk sine første prototypar – eit viktig steg frå idé til realitet, med Sitep i ryggen.
I løpet av året har me også hatt besøk av fleire personar med gode idéar og gründerambisjonar, og fleire gründarbedrifter har vorte til i miljøet vårt.
Det vil me sjå endå meir av i 2026 – døra står open for nye prosjekt og nye folk.
Alt dette er resultat av folk, bedrifter og organisasjonar som vil noko meir med Årdal.
Takk for innsatsen i 2025 – me gler oss til fortsetjinga i 2026