Ledig stilling som administrasjons- og servicemedarbeidar

Vil du vere ansiktet utad for Årdal Teknologipark?

Årdal Teknologipark søkjer ein positiv, strukturert og serviceinnstilt administrasjons- og servicemedarbeidar i 50 % stilling.

Dette er ei variert rolle der du får ein viktig funksjon i den daglege drifta av teknologiparken og bidreg til at både besøkande, samarbeidspartnarar og leigetakarar får ei god oppleving.

Stillinga krev fleksibilitet i periodar med høg aktivitet, og kan på sikt verte utvida i takt med vidare vekst og utvikling av Årdal Teknologipark.

Arbeidsoppgåver

  • Vere vertskap for besøkande og gjester i Årdal Teknologipark

  • Koordinere bookingar og leggje til rette for møte, kurs og arrangement

  • Fakturering og enklare administrative oppgåver

  • Informere brukarar og besøkande om rutinar og retningslinjer i lokala

  • Bidra til orden, trivsel og god service i teknologiparken

  • Andre førefallande administrative og praktiske oppgåver

Kven ser vi etter?

Vi ønskjer ein person som:

  • Er strukturert og sjølvstendig

  • Har gode samarbeidsevner og eit positivt vesen

  • Likar å yte god service og skape gode opplevingar for andre

  • Er fleksibel og trivst med varierte arbeidsoppgåver

  • Tek initiativ og ser kva som trengst å gjerast

Kvalifikasjonar

  • Erfaring med Microsoft Office (Word, Excel m.m.) og grunnleggjande IT-kunnskapar

  • Kjennskap til enklare økonomi- og rekneskapsoppgåver

  • Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg

  • Evne til å kommunisere på engelsk

Personlege eigenskapar, haldningar og vilje til å yte god service vil verte tillagt stor vekt.

Vi tilbyr

  • Ei variert og sjølvstendig stilling i eit spennande næringsmiljø

  • Eit godt arbeidsmiljø med engasjerte menneske

  • Moglegheit til å vere med og vidareutvikle Årdal Teknologipark

  • Løn etter avtale

Søknadsfrist 20.08.26

For spørsmål om stillinga, ta kontakt med dagleg leiar Erling Brækkan:

erling@ardalnaringspark.no

Send søknad til dagleg leiar Erling Brækkan.

Neste
Neste

Frå praksisplass til dagleg leiar for teknologiselskap i Årdal