Ny dagleg leiar i Årdal Teknologi- og Næringspark

Møt vår nye daglege leiar, Erling Brækkan, som ser fram til å bli betre kjend med næringslivet, industrien og kompetansemiljøa i Årdal og i regionen.

Erling Brækkan. Foto: Sofie Moen.

Vår nye daglege leiar har berre vore på plass i nokre veker, men har allereie fått eit sterkt inntrykk av både næringslivet og menneska i Årdal.

– Dei første vekene har gitt eit svært positivt inntrykk. Eg har møtt mange engasjerte og kompetente menneske som ynskjer å bidra til vidare utvikling av næringslivet. Samarbeidsviljen er stor, og eg opplever eit miljø med sterk gjennomføringsevne og tru på framtida. Det er lett å sjå kvifor Årdal har vore eit viktig industrisamfunn i over hundre år, seier Erling.

Ser stort potensial i Årdal

Erling ser fram til å bli betre kjend med både næringslivet, industrien og kompetansemiljøa i Årdal og i regionen.

– Årdal har ein unik kombinasjon av industriell erfaring, fornybar energi, tilgjengelege areal og innovasjonskraft. Eg opplever at det ligg store moglegheiter i å byggje vidare på dette fundamentet, skape nye samarbeid og bidra til at fleire bedrifter og prosjekt finn vegen til Årdal, seier han.

Inkluderande og framtidsretta miljø

Vår nye leiar har òg fått eit positivt inntrykk av miljøet rundt Årdal Teknologi- og Næringspark.

– Eg opplever Årdal som ein stad med stor energi og mange moglegheiter. Her finn ein ei interessant blanding av etablert industri, entreprenørskap og vilje til nyskaping. Miljøet rundt Årdal Teknologi- og Næringspark verkar inkluderande og framoverlent, og eg har allereie fått erfare kor mykje kompetanse som finst både i næringslivet og i dei ulike fagmiljøa, fortel Erling.

Han meiner dette gir eit godt utgangspunkt for Årdal til å ta del i nye industrielle satsingar og det grøne skiftet.

Erfaring frå teknologi og forretningsutvikling

Erling kjem med solid erfaring frå telekom-, teknologi- og programvareindustrien og har arbeidd med leiing, forretningsutvikling, strategi og digital transformasjon.

– Gjennom karrieren har eg vore oppteken av korleis teknologi, kompetanse og samarbeid kan skape vekst og ny verdiskaping, fortel han.

I tillegg har han ei meir lokal tilknyting til regionen enn mange kanskje er klar over.

– Som student arbeidde eg som styrmann på Sognefjorden i Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane. Det gav meg eit nært forhold til regionen og livet langs fjorden, seier han.

Vi ynskjer Erling velkommen til Årdal Teknologi- og Næringspark.

Neste
Neste

Ledig stilling som administrasjons- og servicemedarbeidar