Tusen takk, Are!

Etter ein verdifull periode som mellombels dagleg leiar har Are gjeve stafettpinnen vidare.

Are Indrelid. Foto: Sofie Moen.

På vegner av Årdal Teknologi- og Næringspark ønskjer me å rette ei stor takk til Are Indrelid for innsatsen han har lagt ned. Styreleiar Geir Hansen trekkjer fram kor viktig Are har vore for verksemda i denne perioden:

«Are har vore ein stor bidragsytar og kome med inspirasjon til tida framover. Han er ikkje berre fagleg svært dyktig, men òg ein lun og triveleg person å ha rundt oss.»

Me er svært takksame for at Are valde å utsetje pensjonisttilværet ei stund for å hjelpe oss gjennom ein overgangsperiode. Heldigvis tek han ikkje heilt farvel, men held fram som ein del av styret i Årdal Teknologi- og Næringspark.

Are sjølv takkar for den gode mottakinga han har fått:

«Eg har blitt teken godt imot i eit inspirerande miljø prega av mangfald, kreativitet og openheit. Eg har likt meg veldig godt og ønskjer dykk lykke til med det spennande arbeidet vidare.»

Tusen takk for samarbeidet, Are. Me ønskjer deg alt godt vidare og ser fram til å ha deg med vidare i styrearbeidet.

Neste
Neste

Ny dagleg leiar i Årdal Teknologi- og Næringspark