Maksym har gått frå språkpraksis til å bli produksjonsleiar
Foto: Astrid Øvstetun
Då Maksym kom til Årdal frå Ukraina, starta vegen inn i arbeidslivet med ein uformell språkpraksis samstundes som han deltok på norskopplæring i Årdal kommune.
Sommaren 2024 brukte han to timar kvar dag på Turistkontoret, der han fekk praktisere norsk språk gjennom møte med både turistar og turistvertar.
– Det var den beste språkpraksisen eg kunne fått, og moglegheita blei etablert etter ein sosial gåtur i regi av Tilflyttarkontoret der eg blei kjend med Årdal Turlag og lokale eldsjeler ved Turistkontoret, fortel han.
Gjennom vidare språkpraksis i Vivatec med tett oppfølging frå NAV Årdal og Sitep, blei Maksym i 2025 introdusert for startup-verksemda Baremark. Baremark lagar biologiske underlag til leikeplassar som kuttar mikroplast, reduserer utslepp og skapar tryggare uterom.
For Maksym handla jobben om langt meir enn produksjon. Med ein mastergrad i økonomisk styring og mange års erfaring frå bank og eigedomsmekling i Ukraina, fekk han også bidra innan planlegging, økonomi og forretningsutvikling og er i dag tilsett som drift- og produksjonsleiar i ei førebels 50% stilling.
Han er òg prosjektleiar for Baremark si deltaking i Circular Fast Track-programmet i Nordic Smart City Network, der selskapet samarbeider med mellom anna byane Stavanger, København og Espoo i Finland.
Tidlegare tilsett i Sitep, Cecilie Maria Holst, trekkjer fram kor viktig dei tidlege referansane har vore.
– Dei gode tilbakemeldingane frå Turistkontoret gjorde det lettare å invitere Maksym til ein samtale om moglegheitene for å bli involvert i Baremark-arbeidet. Me såg raskt at her var det kompetanse, arbeidsvilje og motivasjon, seier ho.
At Maksym fekk moglegheita til å vise kva han kunne gjennom språkpraksis og arbeidsutprøving, vart avgjerande. Før han fekk sjansen i Baremark hadde han sendt om lag 30 jobbsøknader lokalt og regionalt utan særleg tilbakemeldingar.
Dette illustrerer korleis samarbeid mellom NAV, Sitep og lokale organisasjonar kan skape konkrete resultat. Gjennom målretta innsats og arbeidsvilje og tillit i lokalsamfunn og frå arbeidsgjevar, har Maksym gått frå å vere arbeidssøkjar til å ha ei sentral rolle i utviklinga av ei ny, lokal vekstbedrift.
Vi ynskjer lykke til vidare!