Besøk frå Stiftinga Drivkraft
Denne veka har vi hatt gleda av tatt i mot Alfred Bjørlo og Linnea Høyvik i Stiftinga Drivkraft på eit inspirerande besøk med gode dialogar kring samarbeid, tildeling og investeringsmoglegheiter.
Foto: Astrid Øvstetun
Vi fekk samstundes høve til å presentere arbeidet til Årdal Teknologipark- og Næringspark, Årdal Utvikling og sitep-årdal, og korleis vi jobbar for utvikling, innovasjon og verdiskaping i Årdal og i regionen.
Vi fekk også bli betre kjend med gründerreisa til Yuliia Bondar og selskapet hennar Vivatec, som har kontor i Årdal Teknologi- og Næringspark.
Tusen takk for gode samtalar og nyttige perspektiv på korleis vi saman kan bidra til vekst og nye moglegheiter 🚀