Vi skaper framtidas grøne

næringsliv i Årdal

Årdal Teknologi- og Næringspark

Vi legg til rette for ny næringsutvikling i Årdal med god infrastruktur, ledige areal og bygg. Vårt samspel mellom industri, teknologi, kompetanse og nye etableringar er med på å skape framtidas robuste næringsliv i Årdal.

Les meir om oss

Grafisk diagram med fargede sektorer i grøn, blå og gultoner.

Teknologiveka 2026

Framtidas løysingar blir skapte saman.

Teknologiveka er ei møteplass for menneske, idear og teknologi – med blikket retta mot framtida.

Sidan 2023 har Teknologiveka samla næringsliv, offentlege aktørar, unge, innbyggarar og gründarar rundt eitt viktig spørsmål: Korleis kan teknologi og innovasjon bidra til ei meir berekraftig framtid?

Vi viser fram teknologien, menneska og mangfaldet som finst i næringslivet vårt – og gir eit innblikk i moglegheitene som finst her.

For Teknologiveka handlar ikkje berre om teknologi.

Det handlar om menneska som utviklar han, bedriftene som tek han i bruk, og samfunnet vi skal skape saman.

Kompetansen sit i menneska

 I Årdal Teknologi- og Næringspark treff du eit sterkt kompetansemiljø der kunnskap, innovasjon og samarbeid står i sentrum. Her finn du eit mangfald av bedrifter og fagområde som skaper spanande moglegheiter for utvikling og nye idéar. Samstundes får du tilgang til dyktige fagfolk med brei erfaring og høg kompetanse for deg og di bedrift. Saman skaper vi eit miljø der både menneske og bedrifter kan vekse.

Møt folka

Syv personer står sammen utendørs foran en lav mur eller luke med fjell i bakgrunnen, smiler mot kamera. De har variert kjønns- og aldersfordeling og er kledd i casual klær.

Kvifor Årdal?

I Årdal går natur, industri og framtidstru hand i hand. Her finn du eit sterkt teknologimiljø bygd på lange industritradisjonar, kombinert med nye idéar, innovasjon og grøn utvikling.

Med korte avstandar mellom jobb, heim og fritid får du meir tid til det som betyr noko – anten det er fjellturar, familie, nettverksbygging eller nye prosjekt.

I Årdal er vegen kort frå idé til handling, og du blir ein del av eit miljø der folk heiar på kvarandre og skaper framtida saman.

Et møterom med seks beige stoler rundt et svart møtelinjetre, vindu med fjellutsikt i bakgrunnen.

Treng du møterom? 

I Årdal Teknologipark kan du leige moderne møterom i inspirerande omgjevnader – perfekt for møte, workshopar og samarbeid.

Kva skjer